ca 870 Kong Harald Hårfagre vinn over småkongar i fleire slag,
vinn etter soga «heile Noreg», men har berre status som overkonge
over republikkane som alt har folkestyre og eigne lover
ca 930 den islandske Ulvljotlova blir innført med Gulatinglova som mal
ca 1130-1220 «Borgarkrigstida», strid mellom ulike kongsemne med base i ulike republikkar,
om kongsmakta i heile Noreg. Politiske og regionale strider.
1274 Magnus Lagabøte innfører felles lov for heile riket,
med den reduserer han makta til lagtinga og lagmannen,
og med det er republikkane ute av historia.
1360 Noreg går inn i personalunion med Danmark.
Folket i Gulating blei aldri spurd om deira samtykke.
1469 Danskekongen pantset Shetland og Orknøyane.
Dette er av dei grovaste lovbrota som blei gjort mot folket vårt i dansketida.
Øyane var norsk land, høyrde til Republikken Gulating,
og kunne ikkje verken pantsettast eller seljast utan samtykke frå Gulating.
1660 Eineveldet innført i kongeriket Danmark-Noreg.
1814 Kongeriket Noreg blir gitt til Sverige som krigsbytte etter dansk-norske nederlag i krigen på Napoleon si side. Noreg får eiga grunnlov og ei nokså fri stilling i union med Sverige.
1880 Parlamentarismen innført i Noreg.
1885 Målvedtaket i Stortinget seier at målformene skal vera likestilte.
1905 Noreg skil lag med Sverige.
2005 Republikken Gulating skil lag med Kongeriket Noreg.