Kjære lesar !
For 731 år sidan var det slutt på den første republikken Gulating, då kong Magnus Håkonsson la under seg alle republikkane og lagtinga i Noregsveldet, og skapte unionen som no heiter kongeriket Noreg. Men før dette var vi altså sjølvstendige, frie menn og kvinner …
med odelsrett til landet og lovene,
med rett til å fremma saker på tinget og kreva dom av folket,
med rett til å bu og arbeida kvar ein ville utan å gjera skade for dei som budde der frå før,
med rett til å selja og kjøpa lovlege varer til den prisen kjøpar og seljar blei einige om, og
med plikt til å halda oppe staten med dei lovlege skattar og avgifter tinget bestemte kvart år.
Gulatinget var felles lovgivande og dømmande forsamling for heile det området som i dag blir kalt for Vestlandet. Tinget var også der nye kongsemne blei godkjent, eller ikkje, og der kongen sine forslag blei godkjent, eller ikkje. For på Gulatinget var det framleis folket som hadde makta.
Det var lagmannen som førde ordet, som la fram lovene og var den avgjerande stemma dersom det var strid om kva dommen skulle bli eller kva som skulle vera rett avgjerd i den enkelte saka. Lagmannen VAR på sett og vis lova, han var lovkyndig, hugsa tidlegare saker for kvar lov, og kunne bygga på desse når han vurderte nye saker som kom opp på tinget. Saman med lagmannen sat lagrette, truleg ei samling stormenn frå kvar del av republikken, valte av folket i dei distrikta dei representerte. Lagrette var ein maktbase for republikken og for presidenten, lagmannen. Her blei det diskutert korleis saker og lover skulle tolkast, og forholdet mellom republikken og det norske unionskongedømmet.
Lagrette fungerte som eit øvste råd for staten også mens tinget ikkje sat saman i tingseta. Folk tok kontakt med enkeltmedlemer for å fremma saker og få vita lagrette si oppfatning om saker og lovgiving. Desse medlemene var i mange samanhengar som ”godane” på Island, ein slags småhøvdingar som hadde makt knytta til både geografiske område, jordeigedommar, slektskap og politiske forhold. Under oppbygginga av det norske unionskongedømmet blei makta til lagrette først redusert, slik at det i staden blei kongen sitt råd som overtok rådgivande funksjonar. Kongen sitt råd var eit utval av menn som kongen fritt valde av dei som støtta han best, først frå distrikta, seinare mest frå byane. Overgangen frå lagrette til kongens råd tok lang tid og var i mange samanhengar uklar, men dette var ein av dei viktigaste grunnane til at republikken Gulating forsvant og kongedømmet Noreg blei einerådande.
I den første republikken Gulating opplevde både vi og heile den norske unionen ei stordoms-tid, landet utvikla ei fastare styring og vi utvida landområda våre både nordover og vestover. Det fins gode grunnar til å hevda at Gulating var både det økonomiske, kulturelle og folkemessige sentrum i Noreg i denne perioden. Når sjølve rikstinget flytta frå Gulen til Bergen, var allereie republikken på veg mot undergangen. Kongen hadde tatt over makta, og det var lite igjen som minna om demokrati. På 1300-talet gjorde Svartedauden og andre pestsjukdommar at folketalet gjekk mykje ned i Noreg, og spesielt viktig var det at også stormenn og adel gjekk med. Dette svekka lagrette og lagtinga sin hevdvunne rett til å stadfesta lover og kongeval. Når det ikkje var nok stormenn igjen til å fylla lagmannposten og verva i lagrette, valde kongen sine eigne menn til desse stillingane. Det blei etterkvart sorenskrivaren som blei ordstyrar på lokaltinga, og kongen sjølv var sterkt styrande på rikstinget.
I unionskongedømmet mista Gulating noko av den politiske makta, men økonomien var framleis i ei lang tid betre i området vårt enn i resten av Noreg. Bergen var hovudhamn for handel med utlandet, og når hanseatane på 1300-talet begynte å etablera det som skulle bli det tyske Kontoret på Bryggen, opprettheldt det noko av posisjonen som denne byen tidlegare hadde hatt som hovudstad i Republikken Gulating og Kongeriket Noreg.
Republikken Gulating hadde menn og kvinner med på utferder i vikingtida, vi var med og fann og busette Shetland, Færøyane, Island, Grønland og til slutt Amerika. Republikken Gulating omfatta kulturelt sett alle desse områda, men i periodar hadde dei meir eller mindre politisk sjølvstyre. Færøyane var heile tida underlagt oss, men avstanden gjorde at dei hadde sin eigen lagmann og nok tok eigne avgjerder i lokale saker. Shetland var med i Gulating frå busettinga begynte ein gong på 700-talet, men under Harald Hårfagre mista republikken noko av styringa med desse øyane. Når orknøyjarlen Harald Maddadson var med og tapte i slaget mot kong Sverre i 1194 blei Shetland som vederlag for dette lagt direkte under republikken og unionen. Island fekk eigne lover frå 930-åra, men var under sterk påverknad av Gulating. Island kom tilbake til republikken så seint som i 1262, då unionskongedømmet nesten hadde gjort ende på folkemakta i Gulating. Kolonien i Vinland hadde svært indirekte kontakt med Gulating, det var truleg den dårlege forbindelsen med heimbygdene på Grønland som gjorde at det ikkje blei meir av busettinga der.
Menn frå republikken var likevel med på den andre store kolonitida, på øyane i Dansk Vestindia og Dansk Austindia, og på andre små dansk-norske koloniar der slavehandelen var ein sentral drivkraft. Vi var også med i utvandringa til Amerika, då vi busette store delar av Midtvesten i USA. Vi var også med under dei store verdskrigane, med menn som kjempa både heime og ute.
Og for å ha sagt det: Kvinnene var der også. Dei var med under vikingferdene, under kolonitokt rundt heile jorda, dei oppfostra nye slekter med innvandrarar, norsk-amerikanarar, dei sleit seg gjennom år med okkupasjon, og dei tok imot søner, menn og fedre som var heldige og kom heim frå slagmarka eller sjøen, eller sørga over dei som forsvann, stille, men dei beit tennene saman og retta ryggen igjen. Dei var kvinner og menn frå Gulating.
I den nye republikken Gulating opplever vi ei heilt anna tid. Velferdsordningane rundt oss er dei beste i verda, ingen av oss svelt eller treng slita for å få maten på bordet, dei eldre blir tatt vare på og barn og unge har ein stad å vera. Eller er det slik ? Den nye republikken Gulating handlar i første rekke om å stilla ein del spørsmål til samfunnsutviklinga og politikken som blir ført i Noreg i dag. Her kjem nokre av dei viktigaste:
- Kven har rett og plikt til å prioritera skatter, avgifter og andre statlege inntekter ?
- Kva er det som kan gjera innbyggarane meir politisk medvitne ?
- Kva skal til for å delegera meir ansvar til lokalt og regionalt nivå ?
- Korleis skal barn og unge kunna forma si eiga framtid best muleg ?
Desse spørsmåla heng som de kanskje skjøner nøye saman, det handlar i første rekke om økonomisk sjølvstyre for ”regionen Vestlandet”, om å gje regionen og kommunane realistiske rammer å arbeida innanfor, og om å gjera både vaksne og barn meir engasjerte i å forma samfunnet vårt. Ingen, verken politikarar eller ”vanlege menneske” i bygdene våre er uberørt av dei store endringane i distrikta den siste tida. Fråflytting, nedlegging, krise i næringslivet og sentralisering av offentlege tilbod er stikkord som går igjen. For å slå det fast med ein gong: Det går ikkje an å vedta lover som påbyr kommunane å driva tenester ut over det dei faktisk får midlar til å halda oppe. Men det er det som faktisk stadig skjer, i kongeriket Noreg. Og Republikken er ein stille protest mot denne typen politisk galskap, som kommunepolitikarar tilsynelatande har måtta finna seg i, gjennom lange tider.
Velferdsstaten er ei ny oppfinning, mange av dei som lever i dag, har opplevd eit heilt anna samfunn, med mykje færre og svakare støtteordningar, og at det er rimeleg å tenka på ein del ordningar som noko kortvarige, eller iallfall noko som ikkje kan oppretthaldast under alle økonomiske føresetnader. Det norske olje-eventyret har gjort rammene for den norske velferden heilt unike, med nærast utømmelege ressursar både på bankboka og under havbotnen. Men den norske velferdsstaten er også styrt av ein politisk vilje, og den tok form lenge før Ekofisk blei oppdaga. Det vi ser for oss når det gjeld pensjonsordningane, er eksempel på ein type nedbygging av ei velferdsordning som har vart ei stund. Det handlar om at innbetalingane til Folketrygda er for små til å dekka dei store utbetalingane som er venta om nokre tiår. Det blir med andre ord for mange eldre i forhold til dei yrkesaktive som skal dekka rekninga. Ut frå den ordninga som har vore til no, er det derfor ikkje grunnlag for dei same utbetalingane som tidlegare. Med reduserte olje-inntekter og lite som kan vega opp for dette massive tapet i bruttonasjonalprodukt, vil det vera duka for store endringar i velferdsstaten framover. Det kan tenkast at mange ordningar må revurderast eller leggast ned, men dette bør i tilfelle vera opp til folket sjølv å bestemma. Både prioriteringar som gjeld heile staten, og dei som gjeld eit fylke eller ein kommune, bør uansett leggast fram for folket til avgjerd. Republikken Gulating ønskjer eit utstrakt lokaldemokrati med større bruk av folkeavstemmingar og delegert ansvar til kommunane. Og alle einingane må som sagt få nok midlar til å halda oppe drifta av dei lovpålagte tenestene. Elles må også desse tenestene vurderast nedlagt, privatisert eller omorganisert.
Når dette er sagt, må det seiast at Republikken er for å oppretthalda alle velferdsordningane slik som vi har dei. Vi ønskjer berre ein sterkare realisme i den politiske debatten, og få fram alt som kan seiast om korleis vi kan driva desse ordningane vidare på ein forsvarleg måte. Og i staden for å høyra politikarar frå forskjellige parti skulda på kvarandre om kva som har vore gjort galt til no og fortelja kvarandre korleis draumeverda deira er, så vil vi sjå politikarane i Gulating samarbeida, for ei felles framtid. Med utgangspunkt i det såkalte fellesprogrammet vil vi driva ein nasjonal rekonstruksjon i tida framover, med vekt på sentrale politiske fora, som Vestlandsrådet og fylkestinga, slik at det reelle sjølvstyret i regionen veks monaleg.