Flagg

Flagget til Republikken Gulating blei vedtatt i føresegn om flagg 17. september 2004.
Fargane er Pantone raud 001 og gul 116, dei samme som i det norske flagget og det norske riksvåpenet.
Den kvite fargen er ikkje definert. Dei same fargane skal gå igjen i riksvåpenet for Gulating.

Bakgrunnen til fargekombinasjonen er svært enkel. Desse fargane er dei som er brukt lengst i vår historie
som symbol for statseininga, og då også for det som var den første republikken Gulating (870-1274).
Det er i det norske kongeflagget vi i dag finn igjen fargane,
og det er unike fargar sett i forhold til nabolanda våre Danmark, Sverige, Storbritannia osv.
Kongeflagget har vore i bruk sidan 1318, men det var truleg først innført til Noreg av hertug Skule i ca 1237.
I den første republikken Gulating var det truleg også i bruk eit anna flagg, kvitt med ein svart ramn midt på,
det er i bruk i riksvåpenet vårt og i seglet til Shetland Islands Council i Storbritannia.

Fargane har ikkje tidlegare vore brukt på denne måten som flagg, det nærmaste vi kjem i norsk historie
er flagget brukt av Nasjonal Samling under krigen. Det er nokonlunde identisk med flagget til Skåne,
regionen lengst sør i Sverige. For å unngå samanblanding med desse har vi lagt inn ei kvit stripe
mellom raudt og gult, som på det norske flagget. Kvitt er også ein farge som symboliserer fred og solidaritet.

Riksvåpen og rikssegl

Fram til 17.04.05 blei stasministeren sitt våpen også brukt som riksvåpen.

Riksvåpenet er definert som
ein gull hjort med gull øks, under ein gull triqvetra, på raud bakgrunn,
med overbygnad av vikingskip med enkle dragehovud i kvar ende og borgrand langs skipssida, gullhjelm midt på
og eit kvitt segl på hjelmen, ein svart sitjande ramn på seglet.


Riksseglet er riksvåpenet omkransa av teksten "Seglet til den demokratiske republikken Gulating".

Historisk er kombinasjonen av hjort og triqvetra ikkje noko nytt, det er bl.a. brukt på norske myntar i høgmellomalderen.
Hjorten er eit magisk dyr både i norsk og keltisk mytologi, det sansar meir enn både menneske og andre dyr til saman.
Triqvetraen er også brukt på begge sider av Nordsjøen, det er ein magisk figur som spelar på det uendelege og styrken i talet tre.
Øksa er lånt frå fylkesvåpenet til Hordaland, det er opphavleg våpenet til Onarheimgildet på Tysnes ca 1300.
Gullhjelmen er kjent frå soga om Håkon Adalsteinsfostre, der det blir sagt at han bar ein gullhjelm i slaget der han fekk banesår på Fitjar i år 961.
Fitjar har i nyare tid valt ein gullhjelm på blå bakgrunn som sitt kommunevåpen.
Vikingskipet og borga symboliserer makt og dei to livssfærene som har prega folket i Gulating gjennom alle tider...
- skipet ute og borga heime - .
Det kvite seglet på hjelmen er altså også eit flagg som er forklart nærare lengre opp på denne sida.

Andre segl

Nedanfor frå venstre finn du seglet til stasministeren og det første riksseglet (før 17.04.05).


Flagget og våpna på denne sida er produsert av Øyvind Heitmann.