REPUBLIKKEN GULATING

Republic of Gulating

 

SJØLVSTENDEDAGEN 2005

Independence Day 2005

 

Kjære lesar !

Du er med dette innbeden til feiring når

Republikken Gulating erklærer seg sjølvstendig 7. juni 2005.

Feiringa vil skje i Eivindvik, Gulen kommune, og i Bergen.

 

Området Gulating strekkjer seg frå Agder i sør til Sunnmøre i nord,
frå Valdres og Hallingdal i aust til Shetland,Færøyane og Island i vest.
Denne regionen var ein sjølvstendig «bonderepublikk» frå det første
tinget i ca 870 til Magnus Lagabøte samla Noreg til eitt rike i 1274.
Republikken eksisterte altså fire hundre - år ! Dette gjer at
Vestlandet er den norske landsdelen med sterkast regional identitet.

Den nye «statsdanninga», som du sjølv altså får vera augevitne til, er 
51% moro og 49% alvor. I juni neste år vil vi gjera deg stolt over regionen si
historie, og trygg på framtida som vestlending. Vi vil visa deg mykje spennande,
alt frå gamle tradisjonar til moderne musikk og teknologi. Vi ber deg alt no
om å setja av helga 4.-5. og tirsdag 7. juni til feiring av republikken. Vi kjem
tilbake med meir her og i avisene. Du er uansett hjarteleg velkommen!

Med beste helsing frå               

organisasjonen Tingfolk og ministeriet i Republikken Gulating

Om du vil vita meir eller melda deg som frivillig,
sjå www.republikkengulating.no,
send mail til statsministeren(a)republikkengulating.no
eller ring 91 63 04 64.