Minister Ditleffs vei 22 – 509
0862 OSLO Oslo, 11.01.2005
Fråsegn
om sjøområda, språk og samferdsel
No
utvidar Kongeriket Noreg sitt territorialfarvatn til 24 nm, så
tar Den Demokratiske Republikken Gulating (DRG) over kontrollen i
farvatnet ut til 12 nm. Vestlandet si økonomiske sone blir
strekt til 44 nm, dvs til rett forbi Troll-feltet. Me baserer denne
siste avgrensinga på historiske rettar i dette området,
bl.a. er Troll eit av dei ytste punkta som kan sjåast frå
land, og med at republikken i den første fasen ikkje har
kapasitet til å administrera alle ressursane i heile den
tidlegare norske økonomiske sona i Nordsjøen.
Rettigheitene til Troll-feltet må overførast til
republikken (frå Petoro AS / SDØE - Statens Direkte
Økonomiske Engasjement og Statoil), som vil gje oss eit solid
grunnlag for framtida. Statsføretak frå Kongeriket Noreg
som driv verksemda si innanfor 44 nm-grensa, skal overførast
utan vederlag til Republikken Gulating. Kongeriket Noreg får
førebels rett til å administrera og henta inntekter frå
olje- og gass-utvinninga på området utanfor 44 nm-grensa.
-
Andre statsføretak som driv utvinning av energi eller andre
naturressursar på, under og over landjorda på området
vårt, skal overførast snarast og utan vederlag til
Republikken Gulating.
-
Andre føretak som driv utvinning av energi eller andre
naturressursar som over, skal skattleggast av Republikken Gulating på
same måten som tidlegare av Kongeriket Noreg.
-
Som meldt tidlegare, blir Republikken Gulating etablert som verdas
første nynorske stat.
Dette medfører bl.a. følgande endringar frå noverande lovgiving og reguleringar :
- Mobiltelefonar som blir selde i republikken, skal ha målet ("nynorsk") som standard språk, med bokmål som eit alternativt språk ved sida av bl.a. svensk og dansk.
-
Tospråklegheit/fleirspråklegheit skal fremmast gjennom
eigen lovgiving i DRG.
Det blir derfor førebels ikkje aktuelt å stoppa undervisninga i "sidemål" i skulane.
-
Det
skal etablerast felles fleirspråklege radio- og tv-sendingar
for DRG.
Det blir førebels arbeidd med ein felles
web-portal for web-tv og web-radio i Noreg, Skottland, Færøyane,
Island, Grønland og Newfoundland. Sjekk
www.republikkengulating.no.
-
Det skal etablerast betre samferdsel mellom delane av DRG, med
tollfri handel på båtar og fly.
Øyvind
Heitmann
11.01.2005
stasministeren
Republikken Gulating